Historisk arkiv

Liv Holmefjord ny fiskeridirektør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Kontaktperson: Fung. departementsråd Magnor Nerheim 22 24 64 60

Liv Holmefjord er i statsråd i dag utnemnd til ny fiskeridirektør for ein åremålsperiode på seks år.

Liv Holmefjord er i statsråd i dag utnemnd til ny fiskeridirektør for ein åremålsperiode på seks år.

Fiskeridirektoratet er ein svært viktig etat som er med på å leggje til rette for verdiskaping langs kysten, og for at miljøet og fiskebestandar vert sikra for framtidige generasjonar. Dette er viktige oppgåver som Liv Holmefjord er godt kvalifisert til å leie, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

- Fiskeridirektoratet vart oppretta for 108 år sidan, og Holmefjord vert den første kvinna som går inn i stillinga som fiskeridirektør. Dette inneber at både Fiskeridirektoratet og Kystverket no vert leia av dyktige kvinner. Holmefjord har gjennom heile sitt yrkesaktive liv hatt nær kontakt med fiskeri- og havbruksnæringa, fortsetter fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Liv Holmefjord (46 år) er utdanna siviløkonom ved Noregs Handelshøgskule.

Ho har vore assisterande fiskeridirektør sidan 2004. Før det arbeidde ho i Statens Fiskarbank og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond.
Fiskeridirektoratet er Fiskeri- og kystdepartementet sitt fremste rådgjevande og utøvande organ i fiskeri- og havbruksspørsmål. Direktoratet har kring 425 årsverk fordelte på hovudkontoret i Bergen, sju regionkontor og 21 lokale fiskerikontor.

Noverande fiskeridirektør Peter Gullestad sluttar i stillinga etter to åremålsperiodar 30. september, og Liv Holmefjord tek over frå 1. oktober.


Bildet kan lastes ned i høyoppløslig versjon ved å klikke på det.

Til toppen