Historisk arkiv

Lovfesting av medverknadsordning for ungdom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

- I eit representativt folkestyre er det viktig at grupper som er svakt representert i kommunestyre- og fylkesting har ei røyst i det kommunale styringssystemet. Både for eldre og for personar med nedsett funksjonsevne er det i dag lovfesta medverknadsordningar. Ungdom bør ha same moglegheit for medverknad, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sender i dag, i samarbeid med Arbeidsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, ut eit høyringsnotat om lovfesting av medverknadsordning for ungdom.

Dei fleste kommunane og fylkeskommunane tilbyr allereie i dag ulike ordningar av ungdomsmedverknad. Departementet er interessert i å høyre kva erfaringar dei har med desse ordningane, og kva dei meiner ei lovfesta medverknadsordning for ungdom bør innehalde.

- Me gjer ikkje framlegg om ei lovføresegn, men skisserer kort nokre problemstillingar som me ynskjer synspunkt på frå høyringsinstansane, seier Navarsete.

Når departementet har fått inn høyringssvara, vil vi sende ut eit høyringsnotat våren 2014 med forslag til eit felles regelverk om medverknadsordningar i kommunar og fylkeskommunar. Planen er å leggje fram ein samla proposisjon for Stortinget før kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

Til toppen