Løyver 38,9 millionar kroner til kulturhistorisk viktige kyrkjer

Tidlegare i år lyste Riksantikvaren på vegner av Barne- og familiedepartementet ut tilskot til kulturhistorisk viktige kyrkjer. No er tildelinga klar, og 37 kyrkjer får støtte til istandsetting, brannsikring og forprosjekt murverk.

– Å sikre og istandsette dei gamle kyrkjene våre for framtidige generasjonar er ei viktig nasjonal oppgåve. Kyrkjebygga er av dei fremste kulturminna vi har her i landet, og kyrkjene speler ei viktig rolle i mange menneske sitt liv, seier trus- og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp).

Det er Riksantikvaren som forvaltar midlane frå Barne- og familiedepartementet, og som har behandla søknadane til tilskotsordninga. I utlysinga i år har eigarar av mellomalderkyrkjer i stein hatt moglegheit til å søke om tilskot til istandsetting, brannsikring og forprosjekt murverk.

Eigarar av listeførte kyrkjer frå 1851 til 1900, og alle listeførte kyrkjer frå og med 1851 i Troms og Finnmark, har hatt moglegheit til å søke om tilskot til istandsetting. Av dei 117 søknadane som kom inn, blir 37 innvilga.

– Å ta godt vare på tak og vegger er noko av det viktigaste vi kan gjere for dei verdifulle kyrkjene våre, seier riksantikvar Hanna Geiran. – Tilskota til istandsetting er eit godt bidrag for å utbetra ròteskadar i trekyrkjer, og for å hindra forfall av murane i steinkyrkjene. Dette er sentralt for å sikra kyrkjene mot klimaendringar.

Sjå oversikt over kyrkjene som får tilskot

Bevaringsstrategi og -program for kyrkjer

I løpet av 2023 skal det òg utformast ein bevaringsstrategi med bevaringsprogram for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg.

Det kan dreie seg både om istandsetting av sjølve kyrkjebygget og av interiøret til kyrkja. I tillegg vil ein sjå på korleis ein kan sikre kompetanse, formidling, engasjement og deltaking slik at desse bygga kan stå og ha verd også for kommande generasjonar, både som religiøse og kulturhistoriske bygg. Det er Riksantikvaren i samarbeid med Den norske kyrkja som har fått i oppdrag å komme med tilrådingar i dette arbeidet.