Historisk arkiv

Lyngdal Frivilligsentral får 135 000 til inkludering i fritidsaktivitetar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Det er viktig å bidra til at barn og ungdom får delta i sosiale fellesskap og aktivitetar. Fritidsaktivitetar er viktige møteplassar utanom skulen, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

I Fritidserklæringa går regjeringa, KS og frivillige organisasjonar saman for ein felles innsats slik at alle barn og unge uavhengig av familieøkonomi kan delta jamleg i fritidsaktivitetar. Som ein drahjelp har Kulturdepartementet no fordelt om lag ti millionar kroner for å stimulere til inkludering og integrering i fritidstilboda rundt om i landet.

- Midla som no er fordelt skal bidra til at barn frå økonomisk vanskelegstilte familiar kan delta på minst éin fritidsaktivitet. For å få til gode løysingar må kommunar, lokale foreiningar  og andre viktige samarbeidspartnarar spele på lag. I tildeling av midlar har vi lagt vekt på samarbeid mellom det offentlege og dei frivillige. Prosjekta skal inspirere andre, så ikkje alle må starte frå "scratch", seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Lyngdal Frivilligsentral får 135 000 kroner til arbeidet mot barnefattigdom

Pengane skal bidra til at fleire barn frå økonomisk vanskelegstilte familiar kan delta i organiserte fritidsaktivitetar Lyngdal frivilligsentral får midlar til eit prosjekt med fritidsguidar. Formålet er å skape gode samhandlingsarenaer. Frivillige skal engasjerast i prosjektet som er eit samarbeid med helsestasjon, kulturetaten, flyktningtenesta, frisklivsentralen og ulike lag og foreiningar. Fritidsguiden skal rettleie familiar og barn i val av fritidsaktivitet.

- Mange kommunar, frivillige organisasjonar og idretten gjer i dag mykje for å inkludere barn og unge i aktivitetane sine. Gjennom felles innsats i lokalmiljøa, oppnår vi enda breiare deltaking. Tildelinga til Lyngdal Frivilligsentral synleggjer dei praktiske og gode løysingane ein har fått til lokalt, seier kulturminister Hofstad Helleland.