Historisk arkiv

Mæland hos teknogründerar i New York

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsminister Monica Mæland (H) gjesta norske teknologigründerar i New Yorks Silicon Alley for å diskutere korleis Noreg skal bli eit av Europas mest innovative land.

Næringsminister Monica Mæland møter norske gründere i New York; Are Traasdahl i Tapad og Bjørn Holthe i BMobilized.   Foto: Martine Røiseland, NFD.
Næringsminister Monica Mæland møter norske gründere i New York; Are Traasdahl i Tapad og Bjørn Holthe i BMobilized. Foto: Martine Røiseland, NFD.

Næringsminister Monica Mæland gjestar denne veka USA for å følgje opp dei omfattande norske næringsinteressene i landet. Mæland starta i New York, der ho møtte representantar for norsk næringsliv og norske verkemiddelaktørar.

Først på programmet sto møtet hos den norske teknologibedrifta Tapad, som har gjort stor suksess i USA med reklameteknologi. Hos Tapad fekk næringsministeren høyre gründer Are Traasdahl og bMobilized-gründer Bjorn Holte fortelje om erfaringane frå USA og ho tok imot gründerane sine innspel til regjeringas innovasjonspolitikk.

- Innovasjon er eit viktig satsingsområde for denne regjeringa. Norsk næringsliv treng fleire bein å stå på. Vi arbeider difor med å legge til rette for fleire norske gründerar som skaper nye arbeidsplassar. Difor er det svært nyttig med innspel frå gründerar som dette. De har eit anna perspektiv og ei anna referanseramme enn vi i Noreg, sa Mæland.

I New York møtte næringsministeren også Snøhetta, for å sjå korleis arkitektkontoret arbeider med å designe Times Square på nytt.

Etter opphaldet i New York gjesta næringsministeren Aker-verftet i Philadelphia, før ho reiste vidare til Washington der ho mellom anna har politiske samtaler.