Historisk arkiv

Markerte Noregs første F-35

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Statssekretær Lars Jacob Hiim er i Texas for å delta i markeringa av Noregs første ferdige F-35-kampfly, og for å støtte omfattande norske næringsinteresser i regionen.

Fleire norske forsvarsindustribedrifter er med som leverandørar i produksjonen av kampflyet gjennom ein avtale om industrisamarbeid med Lockheed Martin.

Frå venstre: Generalkonsul Morten Paulsen, statssekretær Lars Jacob Hiim, John Hurter fra Intsok, Ken Huste, Innovasjon Norge.
Frå venstre: Generalkonsul Morten Paulsen, statssekretær Lars Jacob Hiim, John Hurter i Intsok, Ken Huste, Innovasjon Norge. Foto: NFD/Celia Thorheim

- Utrullinga av det første norske F-35-kampflyet er ei viktig markering, også for norsk forsvarsindustri. Det er heilt nødvendig at norske bedrifter i forsvarsindustrien utnyttar dei moglegheitene som finst for eksport og verdiskaping. Industrisamarbeidsavtalen som følgjer kjøpet av F-35-kampflyet er eit godt eksempel på dette, seier Hiim.

Onsdag er statssekretæren i Houston for å ta temperaturen på norsk næringsliv. Houston er det viktigaste senteret for norsk næringsliv i USA. Hiim skal møte fleire representantar frå norske selskap i Houston, inkludert ei gruppe entreprenørar tilknytt kontoret til Innovasjon Noreg. Fleire av desse siktar seg inn på leveransar til offshoresektoren i Mexicogolfen.

 - Heime i Noreg er leverandørindustrien i ein krevjande omstillingsfase. Det blir interessant å høyre korleis bedriftene i Houston opplever situasjonen og om fallet i oljepris har verka inn på lønnsemda deira og framtid i den amerikanske marknaden, seier Hiim.

Statssekretæren skal også ha samtaler med representantar for lokale styresmakter, inkludert Houston Port Authority og Greater Houston Partnership.    

Fakta: Det er i underkant av 100 norsktilknytte bedrifter i Texas, dei fleste i Houston-området, med til saman meir enn 5000 tilsette. Det er særleg offshoreverksemd og maritim sektor som er viktige for norsk næringsliv i Texas, men det finst også betydeleg aktivitet innan IT, medisin og finans.