Marte Mjøs Persen besøkte Gjerdrum
Nyhet | Dato: 22.12.2021 | Energidepartementet
Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen besøkte tysdag Gjerdrum, der ho fekk ei orientering av NVE om sikringsarbeidet som blir gjort etter kvikkleireskredet 30. desember i fjor. Ho fekk også høyre korleis kommunen har jobba det siste året.
– Det er sterkt å vere på Gjerdrum og sjå dei omfattande øydeleggingane kvikkleireskredet førte til. Dette er det mest alvorlege kvikkleireskredet i Noreg i nyare tid, og det er vondt å tenkje på dei som omkom og på dei etterlatte. Samtidig er eg imponert over det arbeidet både kommunen og andre involverte har gjort det siste året, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen.
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har vore tett involvert i arbeidet og er no i gang med eit omfattande sikringsarbeid i skredområdet. Skredet i Gjerdrum førte til tap av 11 menneskeliv. I tillegg vart fleire enn 1500 personar evakuerte og det var store materielle øydeleggingar.
I februar 2021 vart det oppnemnt eit offentleg utval som har gått igjennom årsakene til skredet i Gjerdrum og vurdere tiltak for å styrkje førebygginga av kvikkleireskred i heile landet. Utvalet leverte den første delrapporten i september. Den andre delrapporten kjem i mars.