Historisk arkiv

Meir likeverdig konkurranse mellom norske og utanlandske lastebilar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

- Eg ønskjer betre kontroll med innanlands godstransport med lastebilar som høyrer heime i andre EØS-land. I dag har transportørar frå andre EØS-land høve til å driva mellombels innanlands transport, med tre turar i løpet av sju dagar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- For å kunna kontrollera denne regelen meir effektivt blir det no sendt på høyring eit framlegg til endring i forskrift om internasjonal transport. Endringa vil føra til at den utanlandske transportøren skal leggja fram dokumentasjon for både last inn til Noreg og dei innanlandske transportoppdraga.

- Kravet  om slik dokumentasjon er alt innført i EU-landa. Forskriftsendringa vil difor leggja til rette for at kontrollen med utanlandske transportørar ikkje skal vera dårlegare i Noreg enn i EU. For den norske transportnæringa vil forskriftsendringa vera med på å fjerna moglege negative verknader som følgje av ulik kontrollpraksis, seier samferdselsministeren. 

Les hele pressemeldingen fra Samferdselsdepartementet her.