Historisk arkiv

Meir sei i nord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har sett totalkvoten for fiske av nordaustarktisk sei til 140 000 tonn i 2016. Dette er 18.000 tonn meir enn for 2015.

- Dei siste åra har det vore ein nedgang i gytebestanden av sei nord for 62°N. Det er derfor gledelig at det for andre år på rad er grunnlag for ei auke av totalkvoten, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Forvaltninga av sei byggjer på ein strategi som Det internasjonale råd for havforsking (ICES) i 2007 vurderte til å vere i tråd med føre-var-prinsippet, og ICES har i dei seinare åra også teke i bruk ein ny statistisk berekningsmodell som handterer usikre data betre.

Kvoten for 2016 er sett i tråd med tilrådinga frå ICES. Sei nord for 62°N er ein norsk bestand, og Noreg forhandlar ikkje med andre land om kvotefastsetting og forvaltningsopplegg.