Historisk arkiv

Midtre Namdal godkjent som samkommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Namsos, Namdalseid, Fosnes og Overhalla kommunar får ja til å inngå tett og forpliktande samarbeid i Midtre Namdal samkommune.

Namsos, Namdalseid, Fosnes og Overhalla kommunar får ja til å inngå tett og forpliktande samarbeid i Midtre Namdal samkommune.

- Eg har ei grunnleggjande tru på interkommunale løysingar. Samkommune er for mange ein modell for framtida, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Namsos, Namdalseid, Fosnes og Overhalla kommunar i Nord-Trøndelag er samde om å inngå eit tett og forpliktande samarbeid innanfor fleire ansvarsområde. Dei går no saman om å byggja ein felles organisasjon etter mønster av den såkalla samkommunemodellen. Det skal mellom anna opprettast eit felles folkevald organ med deltakarar frå alle dei fire kommunane. Samkommunen skal også ha eigen tilsett administrasjonssjef.

- Mange stader i landet er det naudsynt at kommunane samarbeider for å løysa oppgåver på ein god måte. Samkommunemodellen legg godt til rette for dette. Eg vonar og trur at resultatet av samarbeidet blir betre tenester for den einskilde innbyggjar i Midtre Namdal, seier statsråd Kleppa.

Onsdag 9. september er det konstituerande møte for samkommunestyret i Namsos. Statssekretær Dag-Henrik Sandbakken vil vera med på møtet.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen