Forsida

Minsteprisar for auksjon 12. oktober

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke følgande minsteprisar for auksjonen av nye løyve for laks, aure og regnbogeaure.

 

 

Minsteprisane for auksjonen 12. oktober er følgjande:

Produksjonsområde

Minstepris (NOK per tonn)

1. Svenskegrensa til Jæren

100 000

6. Nordmøre og Sør-Trøndelag

121 000

8. Helgeland til Bodø

109 000

9. Vestfjorden og Vesterålen

128 000

10. Andøya til Senja

100 000

11. Kvaløya til Loppa

109 000

12. Vest-Finnmark

100 000

13. Aust-Finnmark

100 000

Regjeringa legg til rette for vekst i oppdrettsnæringa med både kjøp av kapasitet til fastpris og auksjon. Årets auksjon blei flytta til 12. oktober og med dette gjer Nærings- og fiskeridepartementet klart kva minsteprisen for årets auksjon er.