Historisk arkiv

Morten Baltzersen tilsett som Finanstilsynsdirektør i dag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Morten Baltzersen (50) er i statsråd i dag tilsett som Finanstilsynsdirektør for ein periode på seks år.

Morten BaltzersenMorten Baltzersen (50) er i statsråd i dag tilsett som Finanstilsynsdirektør for ein periode på seks år. Han har frå januar 2002 vore ekspedisjonssjef i Finansavdelinga i Finansdepartementet, og er utdanna samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo i 1984.
- Morten Baltzersen er ein solid og særs dyktig fagperson og leiar.  Eg er viss på at han vil gjere ein god jobb som sjef for Finanstilsynet, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Baltzersen har lang røynsle frå Finansdepartementet. Han har vore leiar for Bank- og kredittseksjonen i Økonomiavdelinga og arbeidd i Skatteøkonomisk avdeling. Frå 1994 til 1997 var han spesialråd ved Noregs delegasjon til EU i Brussel. Han har og vore fagdirektør og leiar av Markedsoperasjonsavdelinga i Noregs Bank frå 2000 til 2002.

Baltzersen vil tiltre stillinga 15. august. Direktør Emil Steffensen i Finanstilsynet blir konstituert Finanstilsynsdirektør mellom 14. april og 15. august.

Til toppen