Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Møte med fiskerinæringa om rekruttering av arbeidskraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Måndag 14. desember møter arbeids- og sosialministeren, fiskeri- og sjømatministeren og Nav fiskerinæringa for å diskutere behovet for å hente utanlandsk arbeidskraft til fisket i vinter.

Temaet for møtet blir mellom anna korleis ein kan legge til rette for at fiskeindustrien i større grad kan rekruttere blant arbeidslause i Noreg. Henrik Asheim, Odd Emil Ingebrigtsen og Hans Christian Holte, samt representantar frå fiskerinæringa deltar i møtet. Møtet er digitalt.

Tid: kl. 08:15 - 09:00, 14. desember 2020

Det blir høve for journalistane til å følge møtet digitalt, lenke blir sendt på e-post etter påmelding.

Påmelding på e-post innan søndag 13. desember, kl. 10.00 til presse@asd.dep.no