Historisk arkiv

Møte med FNs spesialutsending for hav

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg har i dag hatt samtalar med Peter Thomson, FNs spesialutsending for hav. Bærekraftig forvaltning av havet var eit sentralt tema for møtet.

Peter Thomson, FNs spesialutsending for hav, og statsminister Erna Solberg i regjeringens representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Peter Thomson, FNs spesialutsending for hav, og statsminister Erna Solberg. Foto: Tor Borgersen/Statsministerens kontor

- Havet er under sterkt press på grunn av klimaendringar, forureining og overutnytting. Samtidig vert me stadig meir avhengige av ressursane i havet for å møte behova til ei veksande folkemengd på jorda. Havet treng ein sterk talsperson, og eg er difor glad for at FN har fått ein eigen spesialutsending for hav, seier statsminister Solberg.

Thomson vart utnemnd til spesialutsending for hav i september 2017. Thomson vil mellom anna arbeide for å skape større forståing for tilstanden til havet. Han vil samarbeide med ulike aktørar – styresmakter, privat sektor, forskarar og sivilsamfunn - for å motivere til handling og gjennomføring av FNs bærekraftmål for hav innan 2030. Thomson er i Noreg for samtalar med norske styresmakter og andre aktørar på havområdet.

I møtet med Thomson understreka statsministeren at hav er eit sentralt satsingsområde for regjeringa. Noreg har sterke interesser knytt til bevaring og bruk av havet. Det handlar om å sikre framtidige generasjonar eit reint, sunt og produktivt hav, både i Noreg og elles i verda.

- Eg har fortalt Thomson om norske havnæringar og havforvaltning. Eg har vist til våre erfaringar med langsiktig og bærekraftig forvaltning, og at det er fullt mogleg å utnytte dei rike ressursane i havet utan at det går ut over ei framtid med reine og rike hav. Thomson er interessert i den kunnskapen og kompetansen Noreg har på havområdet, og eg har i dag sagt at vi vil gi full støtte til Thomson i hans arbeid, seier Solberg.