Presseinvitasjon;

Møte med organisasjonane i skipsfartsnæringa

Næringsminister Monica Mæland og fiskeriminister Per Sandberg møter organisasjonane i skipsfartnæringa torsdag 23. mars.

Temaet for møtet er situasjonen i maritim næring og særleg forslaget om å endre fartsområde for passasjerskip i norsk internasjonalt skipsregister (NIS).

Det norske maskinistforbund, LO, Norges Sjøoffisersforbund, Norges Sjømannsforbund, Kystrederiene, NHO Sjøfart og Norges Rederiforbund skal vere med på møtet. I tillegg deltek ledelsen og tillitsvald frå Color Line. 

Kva: Møte med skipsfartsorganisasjonane

Når: Pressa kan komme inn mot slutten av møtet, frå ca. 09:45.

Påmelding for presse: media@nfd.dep.no