Møtte partane i arbeidslivet for å få innspel om tiltak mot rasisme og diskriminering

– Rasisme og diskriminering er ei barriere for eit rettferdig samfunn med gode og like moglegheiter til full deltaking for alle innbyggjarane i Noreg. Samarbeid med partane er viktig for å utvikle, utforme og forankre tiltak som berører arbeidslivet, sa statssekretær Samra Akhtar i arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa er i full gong med arbeidet med ein ny handlingsplan mot rasisme og diskriminering.

Eit av to område er rasisme og diskriminering for dei som er på veg inn i og på veg opp i arbeidslivet. Arbeids- og inkluderingsdepartementet ønskjer difor eit samarbeid med partane i arbeidslivet om å utvikle og utforme tiltak som skal inngå i den nye handlingsplanen, som etter planen skal leggjast fram mot slutten av 2023.

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)
  • Kommunesektorens organisasjon (KS)
  • Spekter
  • Virke
  • Unio
  • Akademikerne
  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)
Partane i arbeidslivet i møte med arbeids- og inkluderingsdepartementet om titlak i handlingsplan mot rasisme og diskriminering
Partane i arbeidslivet. Fv: Jon Olav Bjergene (sekretariatsjef, Unio), Astrid M. Svele (seniorrådgjevar, Akademikerne), Tore Eugen Kvalheim (fagdirektør i Spekter), Hans Øyvind Nilsen (organisasjonsrådgjevar i LO), Samra Aktar ( statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet), Carl Fredrik Riise (advokatfullmektig/seniorrådgjevar i Virke), Hege Herø (avdelingsleiar samfunnspolitikk i YS), Mariette Christophersen Bøe (seniorrådgjevar i NHO), og Ryan Hustoft (fagrådgjevar arbeidsliv i Virke) og Amna Veledar (seniorrådgjevar/ansvarleg jurist i avdeling for arbeidsgiverpolitkk i KS. Deltok digitalt). Foto: Simen Gald / Arbeids- og inkluderingsdepartementet Foto: Simen Gald / Arbeids- og inkluderingsdepartementet