Historisk arkiv

Nær målet om full barnehagedekning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

90 prosent av kommunane har barnehageplass til alle som søkte ved hovudopptaket. - Dette er eit historisk løft, men regjeringa er ikkje nøgd før alle som ønskjer det, får tilbod om plass, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Ved utgangen av 2007 har 248 000 barn plass i barnehage, mens 3 916 står på venteliste. 90 prosent av kommunane har barnehageplass til alle som søkte ved hovudopptaket. Dette syner ein ny rapport.

- Dette er eit historisk løft, og vi er svært nær målet vårt om full dekning i 2007. Men regjeringa er ikkje nøgd før alle som ønskjer det, får tilbod om plass, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Den nye rapporten viser at 77 prosent av alle barn som står på venteliste, er i dei fem kommunane med lengst ventelister: Oslo, Bergen, Bærum, Sandnes og Ålesund.  Desse fem kommunane har alle ventelister med meir enn 250 barn.  Samla er det 42 kommunar som ikkje kan tilby alle plass. Dei fleste av desse manglar berre få plassar, og 25 av dei 42 kommunane har under 20 barn på venteliste. Totalt er det 3916 barn som ikkje har fått tilbod om plass ved årsskiftet, fordelt med 3092 barn under 3 år og 824 barn over 3 år.

Kommunane har opplyst at årsakene til at dei ikkje har nådd målet, i hovudsak er at dei har større tilflytting, uventa stor søkning eller at dei har forseinka utbyggingsprosjekt. Dei aller fleste kommunane  seier dei vil vere i mål ein gong i 2008.
 
- Dei fleste kommunane har teke gode grep for å komme i mål med full barnehagedekning og har auka utbyggingstakta i høve til tidlegare planar. Vi ser at nokre store kommunar har store utfordringar med lange ventelister. Regjeringa legg økonomisk til rette for utbygging. No må dei siste kommunane gjere kva dei kan for å få full dekning. Vi ønskjer at retten til barnehageplass skal innføras frå 1. januar 2009, og det bør vere ein sterk motivasjon for kommunane, seier Solhjell.

Til toppen