Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Nasjonal konferanse om vald i nære relasjonar i Bergen

Årets nasjonale konferanse om samarbeid og samordning i arbeidet mot vald i nære relasjonar finn stad i Bergen 13. desember 2018. Påmeldinga er open.

Det er Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) Vest som står for arrangementet.

Justis- og beredskapsdepartementet vil under konferansen dele ut årets samarbeids- og samordningspris til gode, lokalt forankra og varige samarbeidsprosjekt som har som mål og førebyggje og motverke vald i nære relasjonar.

Tid: 13. desember 2018, kl. 09.00 - 15.45 (registrering frå 08.30)
Stad: RadissonBlu Royal Hotell, Bergen 

Påmeldingsfrist er 1. desember 2018 (eller når konferansen er fullteikna).

Meld deg på konferansen her

Til toppen