Nasjonaljubileet 2030 får nasjonal komité

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Barne- og familiedepartementet etablerer ein nasjonal komité for Nasjonaljubileet 2030.

– Vi har fått på plass ein høgst kompetent og brei samansett nasjonal komité som skal vere døropnarar, ambassadørar og bidra til forankring av jubileet i sine sektorar og nettverk. Komitéen er viktig for å vise fram og sikre ein tydeleg og nasjonal forankring av jubileumsprosjektet, i tråd med jubileumsplattforma, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Komiteen skal arbeide på overordna strategisk nivå. Jubileumsplattforma for Nasjonaljubileet 2030 skal liggje til grunn for komiteens arbeid.

– Komiteen er sett saman på ein måte som dekkjer viktige delar av norsk samfunnsliv og med personar som har kunnskap og evne til å bidra til at  nasjonajubileet blir  ei markering for heile Norge og alle som bur her, også ved å løfte jubileumsarbeidet i sine sektorar, seier Toppe.

På statsbudsjettet for 2023 er det to millionar kroner til sekretariatsoppgåver ved Stiklestad Nasjonale Kultursenter (SNK), det vil seie hovudsakleg til stillingar, driftsutgifter og noko til arrangement mv. Medlemmane i komiteen får ikkje honorar.

– Komiteen vil i samarbeid med SNK konstituere seg og finne gode arbeidsformer og korleis dei vil bruke si tid og sitt engasjement.  Komiteen skal leiast av stortingspresidenten. Nasjonaljubileet 2030 er eit samfunnsjubileum med rom for mange stemmer, seier statsråden.

Sentrale element i komiteens arbeid vil vere å:

  • Sørgje for at jubileumsarbeidet, inkludert komitéens eige arbeid, byggjer på jubileumsplattforma,
  • Gjere vedtak av strategisk art, med stikkord som roller, berekraft, programskaping, internasjonalt samarbeid, samarbeidsavtaler med andre aktørar, kommunikasjon, etiske retningsliner mv.

Medlemmane i den nasjonale komiteen er:

  1. Stortingspresident Masud Gharankhani, leiar
  2. Sametingspresident Silje Karine Muotka
  3. Museene Arven ved styreleiar Gunnar Bovim
  4. Den norske kyrkja ved preses Olav Fykse Tveit
  5. Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn ved generalsekretær Ingrid Rosendorf Joys
  6. KS – kommunenes interesseorganisasjon ved styreleiar Gunn Marit Helgesen
  7. Universitets- og høgskolerådet ved styreleiar Sunniva Whittaker
  8. Nasjonalbiblioteket ved nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myre
  9. Landsrådet for norske barn- og ungdomsorganisasjoner ved styreleiar Margrete Bjørge Katanasho
  10. Øystein Ekroll, arkeolog (oppnemnt av departementet)

Se også: Nasjonaljubileet 2030 – Norge i tusen år