Historisk arkiv

No får Jærbanen betre kapasitet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Det er gledelig at pendlarane mellom Stavanger og Egersund får eit betre tilbod i rushtida allereie no. Vi har framskunda arbeidet med å forlengje plattformene. Dermed kan NSB frå 17. august køyre med doble togsett i rushtida. Dette er eit viktig bidrag for å gjøre jernbanen meir attraktiv for pendlarane, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

NSB AS køyrer i dag med enkle togsett på Jærbanen. Opphavleg skulle kapasiteten på Jærbanen i rushtida først auke mot slutten av 2016. Men ei framskunda forlenging av plattformene på stasjonane Klepp og Øksnavadporten gjer det mogleg å køyre med doble togsett både om morgonen og om ettermiddagen allereie frå 17. august. NSB vil setje inn dobbeltsett i ein morgonavgang til Stavanger og i ein ettermiddagsavgang frå Stavanger.

- Jærbanen har hatt svært god passasjervekst over fleire år, og pendlarane på denne strekninga har opplevd at det er blitt trongare om plassen. Mange må stå i kupeen, og då er jernbanen eit mindre attraktivt reisemiddel. Derfor framskunda regjeringa arbeidet med å auke kapasiteten på Jærbanen. Eg er glad for at vi no viser raske resultat frå vår ekstra satsing, seier Solvik-Olsen.

I år har også Sørlandsbanen fått auka antall avgangar. Det har gitt ein ekstra passasjervekst på strekninga.

- Vi ynskjer å gjere kollektivtilbodet meir attraktivt slik at fleire reisande vel tog og buss framfor bil. Det bidrar til betre trafikkavvikling på vegane og fjernar kø. Både Jærbanen og Sørlandsbanen kan nå vise til auka tilbod i 2015. Eg håpar derfor fleire vil ta toget når dei skal ut på korte eller lange reiser, seier Solvik-Olsen.