No kan det bli dyrare å bryte forbrukarvernreglar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Verksemder som grovt bryt sentrale forbrukarvernreglar, risikerer no høgare lovbrotsgebyr enn tidlegare. Det er no blitt fastsett ei øvre ramme for slike gebyr på inntil fire prosent av årsomsetninga eller 25 millionar kroner – avhengig av kva som er høgast.

Den øvre ramma for lovbrotsgebyra blir no fastsett i ei ny forskrift til marknadsføringslova, angrerettlova, pakkereiselova og openheitslova. Det er berre tale om maksimumsbeløp, og det skal framleis avgjerast i kvar enkelt sak kor høgt gebyret skal vere.

– Grove brot på forbrukarvernreglane kan til dømes vere å gjentekne gonger krevje betaling frå forbrukarar utan at dette er avtalt, eller forsøk på å villeie forbrukarane. Risikoen for høgare gebyr vil ha ein større avskrekkande effekt, slik at verksemder ikkje bryt reglane. Dette vil gje eit enda sterkare vern for forbrukarane, seier forbrukarminister Kjersti Toppe (Sp).

Tidlegare har det ikkje vore ei øvre ramme for lovbrotgebyr. I Noreg har praksisen vore relativt moderate gebyr. Frå Forbrukartilsynet og Marknadsrådet har lovbrotsgebyr tradisjonelt vore på frå nokre hundre tusen til opp mot 1,2 millionar kroner. Med dei nye reglane kan grove og systematiske brot på lova føre til gebyr på inntil fire prosent av omsetninga eller 25 millionar kroner. Det høgaste beløpet skal leggjast til grunn.

Regelendringa er eit ledd i gjennomføringa av EUs moderniseringsdirektiv. Det er ikkje fastsett konkrete krav som skal gjera at gebyra aukar, men direktivet krev at gebyra skal vere effektive og verke avskrekkande. Dette tilseier at gebyr, særleg der dei blir retta mot store verksemder, bør vere av ein viss storleik.

Forskrifta gjennomfører òg krav i forvaltningslova om ei øvre ramme for lovbrotsgebyr. Dei nye reglane gjeld frå i dag.

Se: Forskrift om utmåling av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr (Lovdata)