Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2013

132 millionar kroner meir til Nord-Trøndelag neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebelse tal syner at kommunane i Nord-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 132 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Førebelse tal syner at kommunane i Nord-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 132 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til  kommunesektoren i 2013.

- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.

- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.

Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Nord-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

1702 Steinkjer

16,2

1703 Namsos

9,2

1711 Meråker

2,0

1714 Stjørdal

18,9

1717 Frosta

2,5

1718 Leksvik

2,9

1719 Levanger

15,1

1721 Verdal

9,4

1724 Verran

1,9

1725 Namdalseid

1,7

1736 Snåsa

1,9

1738 Lierne

1,3

1739 Røyrvik

0,4

1740 Namsskogan

1,0

1742 Grong

2,6

1743 Høylandet

1,4

1744 Overhalla

3,7

1748 Fosnes

0,5

1749 Flatanger

1,2

1750 Vikna

4,7

1751 Nærøy

4,1

1755 Leka

0,3

1756 Inderøy

4,6

Nord-Trøndelag

107,5

 

Nord-Trøndelag fylkeskommune

24,6

Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.