Norec gjorde jobben godt - trass flytting og namneendring

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) utførte samfunnsoppdraget sitt godt, sjølv om organisasjonen gjekk gjennom ein krevjande flytteprosess frå Oslo til Førde.

Bilde av Norec-direktør, Tvinnereim og Gjelsvik utendørs foran inngangen til UD.
Norec-direktør Jan Olav Baarøy møtte utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim og kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i starten av mai. Statsrådane var glade for å høyre at ein evaluering konkluderer med at etaten lukkast med samfunnsoppdraget sitt frå Førde, og at flyttinga har gått bra. Foto: Syver Glordencio Mendoza Zachariassen

Norec (tidlegare fredskorpset) er ein etat underlagt Utanriksdepartementet. Norec har bedd Menon Economics om evalueringa. Evalueringa viser at:

  • Norec leverer betre på samfunnsoppdraget etter flyttinga
  • Brukarane er nøgde
  • Dialogen med Utanriksdepartementet er betre
  • Det går lett å rekruttere kompetent arbeidskraft til Førde

– Vi er veldig glade for å få eit eksternt blikk på verksemda, og at vi skårar så godt, seier Norec-direktør Jan Olav Baarøy.

Meiningane om flyttinga var mange og delte, og fagmiljøa rundt dåverande Fredskorpset var imot. Likevel konkluderer Menon at flyttinga og etableringa av UD-etaten i Førde alt i alt ser ut til å ha vore vellukka.

– Denne evalueringa gjer spådommane frå tida før flyttinga til skamme. Det går veldig fint an å bygge opp sterke utanrikspolitiske kunnskapsmiljø på Vestlandet og andre stader i landet. Sånt skal vi gjere meir av, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.  

Bytte plass og namn

Fram til 2018 heldt Norec til i Oslo, då under namnet Fredskorpset. I februar 2017 vart det annonsert at Fredskorpset skulle flyttast ut av Oslo. Etter utgreiingar både hos Utanriksdepartementet og kommunal- og distriktsdepartementet, vart det juni same år bestemt at Fredskorpset skulle flyttast til Førde i dåverande Sogn og Fjordane. Norec var på plass i Førde frå og med august 2018.

I rapporten slår Menon fast at Norec har lukkast i å få med seg nødvendig kompetanse frå Oslo til Førde. Norec har levert godt på samfunnsoppdraget under heile flytteprosessen. Menon peikar på at dette kan forklarast både med at ein fekk med seg tilstrekkeleg kompetanse i etableringsfasen i Førde, i tillegg til at Norec lukkast godt med å rekruttere og lære opp nye tilsette.

– Rekruttering og opplæring er noko vi jobbar aktivt med, og som vi meiner vi er gode på. Det er gledeleg at rapporten støttar opp under oppfatninga vår, seier Baarøy.

Betre dialog med UD

Frå april 2021 fekk Norec ansvar for å forvalte rekrutteringsordningane til norske juniorekspertar (JPO), FN-frivillige (UNV) og stipendiatordninga til praktikantar i FN. Denne oppgåva låg tidlegare hjå Utanriksdepartementet.

Rapporten slår fast at ei slik delegering av ei viktig arbeidsoppgåve indikerer at Utanriksdepartementet har tillit til Norec si forvalting og evne til å levere. Rapporten konkluderer også med at dialogen mellom Utanriksdepartementet og Norec har vorte betre etter flyttinga til Førde.

– Vi har ein veldig god dialog med Norec, sjølv om vi ligg på kvar vår side av fjella, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Tilbake til normalen

Etter eitt år i Førde, i 2019, var talet på partnarar, utvekslingar og samarbeidsprosjekt stabilt. Undersøkingar synte at tilfredsheita blant brukarar var stabilt svært høg.

I løpet av 2020 og 2021 gjekk derimot tala på partnarar, utvekslingar og samarbeidsprosjekt kraftig ned, grunna covid-pandemien som sette ein stoppar for alle fysiske utvekslingar. Likevel klarte Norec å halde 60 av 80 Norec-støtta prosjekt gåande med digitalt samarbeid gjennom pandemien. Tilfredsheita blant brukarane heldt seg jamt på eit svært høgt nivå.

– I løpet av 2022 hadde vi 81 samarbeidsavtalar som var aktive i heile eller delar av året. Dette er éin meir enn i 2019, som var førre normalår. I 2022 støtta vi til saman 181 ulike organisasjonar. No er vi tilbake på omtrent det aktivitetsnivået vi hadde før pandemien, seier Baarøy.

Om Norec

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er Norges einaste kompetansesenter for internasjonale utvekslingssamarbeid. Som ein etat under Utanriksdepartementet er Norec ein del av Norges samla innsats for å nå FNs berekraftsmål.

Med eit Norec-tilskot sender arbeidsplassen tilsette på utveksling til eit anna land. Når medarbeidaren kjem tilbake, får heile organisasjonen nytte av det ho har lært. Den tilsette får internasjonal arbeidserfaring, nye impulsar og nye ferdigheiter.

Sentralt i metoden til Norec står kurs. Norec kursar og rettleier deltakarar og leiarar før, under og etter opphaldet i utlandet.