Noreg gir 15 millionar kroner til flaumoffer i Malawi

Flaumen i Malawi fører til dei største skadene landet har opplevd på 30 år. Regntida er ikkje over, og det er venta at situasjonen blir forverra. - Vi vil gjerne stille opp og hjelpe Malawi i denne situasjonen. Dei ekstra 15 millionane skal gå til akutte humanitære behov, og bli kanalisert gjennom FN og andre humanitære organisasjonar som jobbar tett saman med styremaktene i landet, seier utanriksminister Børge Brende.

Ifølgje styremaktene og FN er 174.000 menneske i Malawi heimlause som følgje av flaumen. Både ny-etablerte leirar og skular blir brukte som husly.

I tillegg til dei akutte humanitære behova, får flaumen langsiktige følgjer. Øydelagde avlingar må kompenserast, og skular og helseklinikkar må byggast opp igjen. Dette skal følgjast opp i det vidare samarbeidet Noreg har med Malawi.

Styremaktene i Malawi har lagt fram ein plan for den humanitære innsatsen. Norske organisasjonar som Kirkens Nødhjelp og Caritas er alt i gang med aktivitetar for å hjelpe flaumofra. Kirkens Nødhjelp har fått frakta utstyr frå eit beredskapslager i Dubai som er finansiert av  Det norske beredskapssystem, Noreps, via Utanriksdepartementet. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap støttar FN med ekspertise.

Utanriksminister Børge Brende møtte Malawis utenriksminister George T. Chaponda i Addis Abeba 27. januar. Foto: A.Sehl/UD
Utanriksminister Børge Brende møtte Malawis utanriksminister George T. Chaponda i Addis Abeba 27. januar. Foto: A.Sehl/UD Foto: Foto: A.Sehl/UD

 -  Eg vil uttrykke medkjensle med menneska i Malawi som har blitt ramma av denne katastrofen. Vi følger den humanitære situasjonen i Malawi nøye, seier utanriksminister Børge Brende.