Historisk arkiv

Noreg klatrar på innovasjonskåring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

For første gong blir Noreg rekna som ein sterk innovatør. Trøndelag, Oslo og Akershus peker seg ut i ny EU-måling.

Næringsminister Monica Mæland får demonstrert ein maskin på studietur i Tyskland.
Næringsministeren meiner vi kan lære mykje av å sjå på korleis nabolanda våre jobbar med innovasjon. Foto: NFD/Håkon Jacobsen

- Eg er glad for at Noreg gjer det betre på denne målinga. Forsking og innovasjon kan få fram nye idear og løysingar. Det er viktig for å skape og sikre arbeidsplassar, og legg grunnlaget for at vi kan leve gode liv, seier næringsminister Monica Mæland.

Les rapporten her.

På 12. plass

Europakommisjonen rangerer kvart år dei europeiske landa etter kor innovative dei er. I European Innovation Scoreboard for 2017 går Noreg frå ein 16. plass til ein 12. plass. For første gong er vi rekna som ein sterk innovatør, saman med land som Belgia, Frankrike og Østerrike.

- EU seier at Noreg har gode rammevilkår for innovasjon. Vi har ein kompetent arbeidsstyrke og eit godt system for forsking. Dette er område vi satsar på. Regjeringa har gjennomført ei historisk satsing på forsking og innovasjon. I år løyver vi over 3 milliardar kroner meir til næringsretta forsking og innovasjon enn i 2013, seier Mæland.

Sveits, Sverige, Danmark og Finland går heilt til topps i målinga.

- Det er bra at vi kan måle oss mot andre land og finne ut kor vi er gode, og kor vi kan bli betre. Det kan gi inspirasjon og nye idear for norsk næringsliv, seier Mæland.

Trøndelag i tet

Saman med European Innovation Scoreboard legg Europakommisjonen fram Regional Innovation Scoreboard. Rapporten skildrar innovasjonsevna i mindre regionar. Trøndelag er på 16. plass og blant dei 25 beste regionane i Europa, av til saman 220 regionar.   Det er blant anna tilgangen på godt utdanna arbeidskraft, dei små, innovative føretaka si evne til å samarbeide og offentlege og private investeringar i forsking og utvikling (FoU) som gjer at Trøndelag kommer ut som ein av dei mest innovative regionane i Europa.

Også Oslo og Akershus blir omtalt som innovasjonsleiarar i rapporten.

Ein av grunnane til at Noreg stig på målinga er at Statistisk sentralbyrå endra sine mål på innovasjonsaktivitet då dei la om undersøkinga si for nokre år sidan. I tillegg har Europakommisjonen endra samansettinga av nokre av indikatorane, som også slår positivt ut for Noreg sin del. 

Fakta

  • European Innovation Scoreboared måler innovasjonskrafta i fleire europeiske land.
  • Rapporten kjem ut ein gong i året.
  • I 2017 består målinga av 27 forskjellige indikatorar som til saman skildrar rammevilkåra til dei ulike landa, investeringar i innovasjon, innovasjonsprosjekt og resultat.
  • Det er EU-kommisjonen som står bak rapporten.