Noreg og EU arrangerer humanitært møte for Ukraina i Oslo

Utanriksminister Anniken Huitfeldt og EUs kommissær for krisehandtering, Janez Lenarcic er tysdag 26. september vertskap for eit internasjonalt møte om humanitær innsats i Ukraina. Møtet blir arrangert i Oslo.

Rundt 80 delegasjonar er venta til møtet i Oslo rådhus.

– Når vinteren no nærmar seg, er det viktig å komme saman og vere godt førebudd på korleis vi best kan få hjelpa fram til ukrainarane. Rett hjelp til rett tid er avgjerande for å lette den ekstremt krevjande situasjonen mange er i. Det gjeld spesielt dei som bur nær fronten, men i alle delar av landet er behova store, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt før møtet.

Blant deltakarane er leiaren for Ukrainas Røde Kors, Maksym Dotsenko, FNs nødhjelpskoordinator i Ukraina, Denise Brown, og dessutan representantar frå ukrainske, norske og internasjonale humanitære organisasjonar. Ukrainas visestatsminister, Irinya Vereshchuk, er venta å delta digitalt. 

Noreg har bidrege med over 3,5 milliardar kroner i humanitær støtte sidan krigsutbrotet.

FN anslår at over 17 millionar menneske har behov for humanitær hjelp og vern. Ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar er 6 millionar på flukt utanfor Ukraina, medan rundt 5 millionar er på flukt internt i landet. Nærmare 25 prosent av menneska som treng nødhjelp, oppheld seg i område der tilgangen er avgrensa, det vil seie langs fronten og i russiskokkuperte område.

Utanriksministeren har eit bilateralt møte med kommissær Lenarcic straks etter opninga.

Det vil vere moglegheit for pressetilgjengelegheit med dei to i samband med dette møtet.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, ane.lunde@mfa.no, tlf: +47 97671250.