Presseinformasjon:

Norsk politikk i Afrika skal fornyast

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

No sett regjeringa i gang arbeidet med å fornye norsk politikk i Afrika. Måndag 27. mars møter utanriksminister Anniken Huitfeldt og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim ei rekkje norske aktørar for å hente innspel til ein ny strategi for Noregs Afrika-politikk.

– Der ein tradisjonelt har tenkt på bistand i forholdet til Afrika, er samarbeidet og samspelet med afrikanske land utvida til å gjelde så mykje meir. Spesielt får handel og investeringar stadig auka betyding. Afrika har òg fått ei auka geopolitisk rolle, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Viss Afrika mislukkast, kan det få store konsekvensar også for oss i vestlege land, ikkje minst når det gjeld tryggleik, klima, helse og migrasjon.

– Eg ser eit ungt og dynamisk Afrika som ikkje vil vere avhengig av nokon andre, men som vil styrke seg sjølv og afrikanske institusjonar. Norsk utviklingspolitikk bør støtta opp under desse ambisjonane. Det er mellom anna difor regjeringa arbeider for mattryggleik og auka sjølvforsyning av til dømes mat og medisinar, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Dei to statsrådane møter representantar for institusjonar, organisasjonar og næringsliv som arbeider i eller med Afrika for å få deira innspel til den nye Afrika-politikken for åra framover.

Stad: Litteraturhuset, Oslo, Wergelandssalen.

Tid: Måndag 27. mars klokka 10.00-11.40.

Påmelding: Innspelsmøte om ny norsk Afrika-strategi | NUPI.

Utanriksminister Huitfeldt og utviklingsminister Tvinnereim er tilgjengelege for pressa klokka 10.45

Program

10.00: Opning ved utanriksminister Anniken Huitfeldt og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

10.20: Innlegg frå NUPI

10.30: Innspel frå organisasjonar og næringsliv

  • Gina Lende- NOREF
  • Hans Olav Kvalvaag- Scatec
  • Pål Trautmann Olerud- Fellesrådet
  • Rodas Tadese- African Student Association

10.50: Panelsamtale med sentrale aktørar

  • Stig Jarle Hansen- NMBU
  • Arvinn Gadgil- UNDP
  • Øystein Botillen- NABA  
  • Karoline Andaur- WWF
  • Dagfinn Høybråten- Kirkens Nødhjelp

11.20: Diskusjon og spørsmål

11.40: Slutt

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, ane.lunde@mfa.no, telefon 97 67 12 50.