Historisk arkiv

Ny dyrkingsteknikk kan gi lengre morellsesong

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Ny dyrkingsteknikk kan gi lengre sesong, større avlingar og betre kvalitet, samanlikna med tradisjonell produksjon av morellar.

Gartnar Andreas Wiig frå Klepp har satt i gang eit prosjekt saman med elleve andre produsentar i Rogaland og Hordaland, som skal utvikle lønsame metodar for å dyrke morellar i veksthus og tunnel.

Produsentane dyrkar morellar i eldre veksthus, som ikkje held dagens energikrav for å dyrka tomatar og andre varmekrevjande kulturar. Ved å ta i bruk eldre anlegg, treng dei ikkje tilføre meir energi for å produsere morellar, samtidig som dei utnyttar dei fordelane og teknikkane som allereie er der. Så langt har resultata vore svært lovande. I veksthus kan vi få modne morellar allereie til 17. mai, og i fjor blei det hausta morellar til slutten av september.

Prosjektet er eit samarbeid med marknadsaktørane Coop og Bama og er finansiert av Regionalt forskingsfond Vestlandet. I prosjektet skal ulike morellsortar, vekstmedium, gjødselvatning og bruk av biologisk plantevern prøvast ut. I dag skjer det meste av morellproduksjonen på friland med plastdekke og i plasttunellar.

Morellar.
Ny dyrkingsteknikk på morellar kan gi lengre sesong, større avlingar og betre kvalitet. Foto: Jon Schärer/NIBIO