Presseinvitasjon

Ny forskingsstrategi for maritim næring

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Torsdag klokka 12 får fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran overlevert den nye Maritim21-strategien. Den ser på teknologi- og forskingsmoglegheiter innan grøn skipsfart og digitalisering.

Nett-tv Ny forskingsstrategi for maritim næring

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

– Noreg er ein av verdas største skipsfartsnasjoner. Ny kunnskap om grøne og digitale maritime løysingar er viktig for ein naudsynt omstilling av maritim næring. Regjeringa vil legge fram ein pakke for grøn omstilling for skipsfarten som skal kutte utslepp, skape arbeidsplassar og vidareutvikle den komplette maritime verdikjeda som Noreg er alene om å ha. Eg håper Maritim21-strategien vil gi oss gode innspel til korleis vi kan utvikle grøn skipsfart som ein del av det grøne industriløftet, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Målet med den nye strategien er å stimulere til forsking, utvikling og innovasjon som bidrar til berekraftig vekst og verdiskaping, auka konkurranseevne og eksport frå maritim næring.

Strategien blir overlevert til statsråden av leiaren for strategigruppa professor Ingrid Schjølberg torsdag 27. januar klokka 12.00.

Arrangementet kan følgjast digitalt på denne sida.

 

Om strategigruppa Maritim21

  • Strategigruppa for Maritim21 er samansett av representantar frå maritimt næringsliv, akademia, og organisasjonane Norsk Industri, Fiskebåt, LO og UNIO. Gruppa vart oppnemnd våren 2021.