Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ny forskrift om regionale tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving

Landbruks- og matdepartementet har i dag fastsett ny forskrift om regionale tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Fastsetting av forskrift er eit ledd i oppfølginga av Stortingets vedtak i samband med regionreforma.

Frå 2020 skal fylkeskommunane vere forvaltar av både midlar til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket og regionale midlar til rekruttering og kompetanseheving. Forskrifta gir rammer for forvaltninga av dei to ordningane.

Forskrifta trer i kraft 1.1.2020.

Til toppen