Historisk arkiv

Ny rapport over dyrevelferda i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Ein ny rapport frå Mattilsynet viser at det ble funne få brot på dyrevelferdsloven og låg førekomst av dyr som er alvorleg vannrøkt i Noreg i perioden frå mai og ut august.

Mattilsynet la tysdag 13. september fram ein rapport over dyrevelferda i Noreg i andre tertial 2016, som viser resultata frå 2738 tilsyn i alle typer dyrehald gjennomført i perioden frå mai og ut august. Av desse tilsyna hadde 87,5 prosent dyrevelferd som tema. 


Mattilsynet fører tilsyn med dyrehald etter ei vurdering av risikoen for at noko kan gå gale. Rapporten viser derfor ikkje eit gjennomsnitt av alle dyrehalda i Noreg, men representerer det Mattilsynet reknar som dei mest utsette dyrehalda. Talla for heile året blir kvart år samanstilte, og funna vil derfor etter kvart kunne gje eit godt bilde av utviklinga når det gjeld dyrevelferd i Noreg.

Frå mai til august har Mattilsynet motteke 3495 varsel om moglege brot på reglane om dyrevelferd. I medhald av dyrevelferdslova har alle ei plikt til å melde frå viss dei har mistanke om alvorlig liding hos dyr. Frå andre tertial 2013 til andre tertial i 2016 har talet på meldingar til Mattilsynet auka med 122 prosent.