Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Vil opne for å oppløyse kommunale bustadstiftingar

Regjeringa foreslår å endre stiftelsesloven for å opne for å oppløyse kommunale bustadstiftingar. Det vil forbetre moglegheitene kommunane har til å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Lovforslaget sendes på høyring i dag.

– Dette er ei endring mange kommunar har etterlyst. Den  vil gi kommunane betre føresetningar til styre og forsterke det bustadsosiale arbeidet, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

– Ved å oppheve stiftingane, vil verdiane som ligg i stiftingane kunne bli betre utnytta til det beste for dei vanskelegstilte, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Det er i dag om lag 120 kommunale stiftingar, som har til føremål å skaffe bustader til vanskelegstilte personar på bustadmarknaden. Dei fleste blei etablert på 80- og 90-talet, då staten ga økonomiske insentiv til å skilje ut dette arbeidet i stiftingar. Føremålet til stiftingane harmonerer langt på veg med den forpliktelsen kommunen har etter sosialtjenesteloven til å medverke til å skaffe bustader til vanskelegstilte.

Dei økonomiske insentiva er falt bort og stiftelsesloven setter i dag eit strengare skilje mellom opprettar og stiftinga enn da stiftingane blei oppretta.

– Dette har langt på veg ført til at bustadstiftingane ikkje kan bidra til bustadpolitikken til kommunen på den måten som var forutsett då dei blei etablert. Dette er éin av fleire grunnar til at mange kommunar har eigne bustader i tillegg til dei dei leier frå bustadstiftingane. Dette inneber dobbelt forvaltning og ekstra byråkrati, seier Astrup.

Moglegheita til å oppløyse stiftingar vil gi større kommunalt sjølvstyre. For dei kommunane som vel å oppløyse stiftingane, vil forvaltninga av bustadene bli ein del av dei ordinære prioriteringane til kommunen.

– Vi håpar og trur at dette vil styrke kommunane sine moglegheiter til å gi gode tenester til innbyggarane, seier Nybø.

Forslaget er på høyring fram til 2. oktober 2020.

Til toppen