Historisk arkiv

Tenestetilbodet til trafikantane held fram i Sandnessjøen og Leknes

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– For regjeringa er det avgjerande å sikre gode tenester for trafikantar i heile landet. Særleg for dei tenesta som framleis krev oppmøte må det vere eit tilgjengeleg tilbod rundt i heile landet. Vi har no nøye vurdert forslaga frå Statens vegvesen, men også lytta til innspel og forslag frå lokale aktørar. Konklusjonen er at dei fleste av tenestestadene som var foreslått nedlagt likevel held fram, men at det vil skje nokre endringar i tenestetilbodet. Mellom anna vil tenestetilbodet som var foreslått lagt ned i Sandnessjøen og Leknes likevel vidareførast, seier statssekretær Ingelin Noresjø.

I tillegg vidareførast tilbodet om førarprøve på MC i Sortland og Lakselv. Tilbodet om førarprøve på MC og tunge køyretøy, samt hallkontroll for tunge og lette køyretøy, vil bli lagt ned i Bodø og flytta til Fauske, som har slikt tilbod i dag. Vidare blir det oppretta ein ny førarprøvestad for MC i Kirkenes, samtidig som det blir lagt ned i Vadsø.

I november i fjor leverte Statens vegvesen sitt endelege forslag til ny tenestemodell og -struktur for tenesta på trafikant- og køyretøyområdet. Bakgrunnen er dei store endringane Statens vegvesen går gjennom, både som ein følgje av overføring av fylkesvegoppgåver til fylka og omstilling av etaten. No har regjeringa vurdert forslaga, og konkludert med framtidig tenestetilbod. Særleg har omsyn til ungdom og lokalt næringsliv vært avgjerande i vurderinga om at tilbodet held fram fleire stader.

- Førarkort og køyretøyteneste er viktige for svært mange, både privatpersonar, næringsverksemd og lokalsamfunn, rundt om i heile landet. Det er viktig for ungdom som skal ta førarkort at dette kan skje utan for lang reiseveg og for mye fråvær frå skule, og det er viktig for næringsaktørar innanfor bilbransjen at dei ikkje må frakte køyretøya unødig langt for å få gjennomført de tenesta dei skal, seier statssekretæren.