Nye oppgåver til nye Trøndelag fylkeskommune

Trøndelag er fyrst ute i regionreforma og blir eitt fylke frå 2018. Regjeringa vil nå gje fylket eit forsøk med auka ansvar for landbruksområdet. – Dei nye regionane kan ta eit større ansvar for samfunnsutviklinga regionalt, og dette forsøket vil gje verdfull erfaring i arbeidet med nye oppgåver til regionane, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Regjeringa saman med KrF og Venstre er einige om at det skal gjennomførast ein regionreform, og opnar for forsøk med nye oppgåver til regionane.  Dei nye regionane skal få forsterka ansvar for samfunnsutviklinga i eigen region frå 2020.

– Nye Trøndelag fylkeskommune gjev spanande utfordringar og moglegheiter innan landbruk. Fylkeskommunen vil kunne sjå eit større område i samanheng.  Det gjev moglegheiter til å sjå meir heilskapleg på all næringsutvikling i regionen. Det er viktig for verdiskaping og framtidige arbeidsplassar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

– Vi ønskjer å hauste erfaring med korleis ein slik forvaltingsmodell både kan sikre omsynet til nasjonal landbrukspolitikk, samstundes som det opnar for større innverknad frå regionalt folkevald nivå i utviklinga av landbruket, seier landbruksminister Jon Georg Dale.

Som del av dette tar regjeringa initiativ til å gjennomføre eit forsøk med overføring av ansvaret for regionale næringsprogram i landbruket frå fylkesmannen til det nye Trøndelagsfylket. Forsøket vert gjennomført i ein to-års periode med igangsetjing frå 1.1. 2018, når Trøndelag fylkeskommune trer i kraft.

Med dette forsøket vil ansvaret for det regionale næringsprogrammet i landbruket, regionale planar og dei næringsretta verkemidla hos fylkeskommunen samlast hjå fylkeskommunen, irekna å formidle strategiske føringar til Innovasjon Norge.

Regjeringa vil leggje fram proposisjon med forslag til ny inndeling for regionalt folkevald nivå våren 2017. Nye regionar med nye oppgåver vil tre i kraft frå 1.1. 2020. 

Fra venstre: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (FrP), stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal (KrF), stortingsrepresentant André N. Skjelstad (V) og Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) .
Fra venstre: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (FrP), stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal (KrF), stortingsrepresentant André N. Skjelstad (V) og Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) . Foto: Landbruks- og matdepartementet