Historisk arkiv

Nye tal om lærarar og elevar i skolen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Torsdag 13. desember presenterer kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner nye tal frå Utdanningsdirektoratet om lærarar og elevar i skolen. Tala viser blant anna kor mange skolar som har greidd å oppfylle krava i lærarnorma, kor mange lærarar som har tilstrekkeleg fordjuping i faga dei underviser i og utviklinga i lærartettleik.

Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, OSLO

Tid: Torsdag 13. desember klokka 09.30 – 10.30.

Nett-tv Nye tal om lærarar og elevar i skolen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Dei nye tala frå Utdanningsdirektoratet kjem frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI). Der blir det årleg samla inn nær 1000 opplysningar om kvar einaste grunnskole.


Tala gir informasjon om blant anna elevtal, lærartal, ressursar, spesialundervisning, fysisk aktivitet, leksehjelp, SFO, valfag og vaksne som får opplæring i grunnskolen.

Det blir høve til å intervjue statsråden etter presentasjonen. 

Fint om journalistar som ønskjer å kome melder seg på.

Pressekontakt:

Kommunikasjonsrådgivar Hong Pham.
E-post hong.pham@kd.dep.no eller telefon 911 35 990.