Historisk arkiv

Nye tiltak for betre luftkvalitet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Noreg og dei andre landa som er tilknytta Gøteborgprotokollen har vedteke nye forpliktingar om å redusere sine utslepp av luftforureiningar fram mot 2020.

Noreg og dei andre landa som er tilknytta Gøteborgprotokollen har vedteke nye forpliktingar om å redusere sine utslepp av luftforureiningar fram mot 2020.

Gøteborgprotokollen av 1999 har allereie ført til viktige reduksjonar i luftforu­rein­ingane i Europa og Nord-Amerika.  Eit av dei viktigaste føremåla med dei nye vedtaka var få landa i Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia til å slutte seg til protokollen.

-Sur nedbør er eit eksempel på luftforureining som ikkje kjenner landegrenser. Eg er glad for at fleire land vil  forplikte seg til å redusere utsleppa sine, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Gøteborgprotokollen set tak på landa sine årlege utslepp av svovel (SO2), nitrogen­oksider (NOx), flyktige organiske forbindelser unntatt metan (nmVOC) og ammoniakk frå 2010. Samla bidreg desse utsleppa til sur nedbør, overgjødsling og bakkenært ozon.

Gøteborgprotokollen og tidlegare avtalar om reduksjon av langtransportert luftforu­reining har ført til betre miljø både i Noreg og Europa elles. Tilførslene av svovel i Noreg er reduserte med nær 80 prosent sida 1990, mens tilførslene av nitrogen er reduserte med om lag 45 prosent i same periode.

-Eit anna viktig resultat frå revisjonen er at partane er einige om å starte arbeid med å redusere utsleppa av sotpartiklar (svart karbon) som er ein kortliva klimadrivar som særleg bidreg til oppvarming i Arktis. Dette er viktig fordi det er første gong sotpartiklar vert behandla i ein inter­nasjonal miljøavtale, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Helseskadelege konsentrasjonar av små partiklar med diameter opp til 2,5 mikrometer (PM2,5) har fleire årsaker. Partiklar vert slepte ut i atmosfæren ved forbrenning , men oppstår òg ved at ulike gassar, til dømes svovel og NOx, vert omdanna til partiklar i atmosfæren. Med den reviderte Gøteborg­protokollen har partane òg vedteke å regulere dei direkte utsleppa av PM2,5. Som ledd i dette vil partane sjå særleg på mogelegheita for å redusere utsleppa av sotpartiklar. Partane er òg samde om betre utslepps­rekneskapen for sotpartiklar.

Med revisjonen av protokollen tek partane på seg å redusere sine årlege utslepp fram mot 2020. Forpliktingane er uttrykte som prosentvise reduksjonar i dei årlege utsleppa frå målåret 2020, med 2005 som basisår. Noreg har teke på seg følgjande forpliktingar om utsleppsreduksjonar i dette tidsrommet: SO2: 10 prosent, NOx: 23 prosent, nmVOC: 40 prosent , ammoniakk: 8 prosent og PM2,5: 30 prosent