Nytt styre for Artica Svalbard oppnemnt

Kulturdepartementet og Stiftelsen Fritt Ord har oppnemnt nytt styre for Stiftelsen Artica Svalbard.

Artica Svalbard blei etablert i 2016 og skal leggje til rette for kunst- og kulturverksemd på Svalbard.

Det nye styret består av:

Anne Berit Figenschau – styreleiar, avdelingsdirektør i Skatt Nord

Ina Otzko – nytt styremedlem, visuell kunstnar og styreleiar for Nord-Norske Bildende Kunstnere

Moa Björnson – nytt styremedlem, utviklingssjef i Træna kommune i Nordland

Kjetil Trædal Thorsen – styremedlem, arkitekt, medgrunnleggjar og partnar i Snøhetta

Jan Martin Berg – styremedlem, leiar for Galleri Svalbard i Longyearbyen

Sveinung Lystrup Thesen – nytt varamedlem, eigedomssjef i Store Norske i Longyearbyen

– Eg er viss på at det nye styret vil halde fram arbeidet med å utvikle Artica Svalbard som ein spanande og viktig kulturarena i nord, til glede for både lokalsamfunnet i Longyearbyen og tilreisande. Det nye styret har, i samarbeid med den daglege leiinga, eit godt grunnlag for å vareta både den lokale og den internasjonale dimensjonen i oppdraget til stiftelsen, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q Raja. 

– Eg vil takke A K Dolven og Marit Anne Hauan som no går ut av styret for den store innsatsen dei har lagt ned for Artica Svalbard frå stiftelsen blei oppretta og fram til i dag, seier statsråd Raja.

Artica Svalbard blei etablert hausten 2016 av Kulturdepartementet, Stiftelsen Fritt Ord og Kulturnæringsstiftelsen Sparebank1 Nord-Norge. Etableringa er eit godt eksempel på privat-offentleg samarbeid i kultursektoren. Stiftelsen skal leggje til rette for kunst- og kulturverksemd på Svalbard.

Våren 2017 opna Artica Svalbard ein kunstnarverkstad og kunstnarresidens i Longyearbyen. Verksemda omfattar eit kunstnarresidensprogram der kunstnarar i alle sjangrar kan få opphald i Longyearbyen for å skape og formidle kunst. I tillegg står Artica Svalbard for offentlege arrangement som skal sjå på betydninga av nordområda og bidra til kritisk tenking og debatt i ei tid med store miljømessige, sosiale, kulturelle og politiske endringar.