Historisk arkiv

Nytt styre ved stiftinga Norsk Folkemuseum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Staten har oppnemnt nye styremedlemer for stiftinga Norsk Folkemuseum. Ny styreleiar er Olemic Thommessen. Endringa trer i kraft frå 1. juli 2021.

– Olemic Thommessen har lang erfaring frå både politikken og kulturlivet. Eg er svært glad for at han har takka ja til å leia styret for Norsk Folkemuseum dei neste åra. Eg er trygg på at museet med Thommessen får ein styreleiar som har eit stort engasjement for den vidare utviklinga av Folkemuseet og dette museet sin plass i museumssektoren framover, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Terje Breivik og Christina Hætta vert nye styremedlemer og Lisa Dunfjeld-Aagård vert nytt varamedlem. Rina Sunder vert gjenoppnemnd som styremedlem og Dag Rorgermoen vert gjenoppnemnd som varamedlem.

– Det nye styret har brei erfaring frå norsk offentlegheit og kulturarbeid, og solid erfaring frå leiing og drift av ulike verksemder. Samansetjinga er balansert når det gjeld kjønn, erfaringsbakgrunn og geografi. Me er særleg glade for at samisk kompetanse no vert representert i styret ved Norsk Folkemuseum. Eg er sikker på at dette styret vil gjera en viktig jobb for museet gjennom neste styreperiode, seier kultur- og likestillingsministeren.

– Eg vil samstundes takka avtroppande styreleiar Gunn Karin Gjul og dei andre som går ut av styret for godt samarbeid og god innsats gjennom siste styreperiode, avsluttar Raja.

Staten har oppnemnt fylgjande nye styremedlemer:

  • Styreleiar Olemic Thommessen, fødd 1956, bur på Lillehammer. Utdanna jurist. Stortingsrepresentant for Høgre i perioden 2001 – 2021.
  • Styremedlem Terje Breivik, fødd 1965, bur i Ulvik i Hardanger. Stortingsrepresentant for Venstre i perioden 2017 – 2021.
  • Styremedlem Christine Hætta, fødd 1983, bur i Alta. Leiar av Samerådets kulturavdeling sidan 2017.
  • Varamedlem Lisa Dunfjeld-Aagård, fødd 1977, bur i Snåsa i Trøndelag. Arkeolog og konservator ved Saemien Sijte, sørsamisk museum og kultursenter i Snåsa.

Styret får fylgjande samansetning for perioden 2021 – 2025:

  • Styreleiar: Olemic Thommessen, Lillehammer (NY)
  • Styremedlem: Rina Sunder, Oslo
  • Styremedlem: Terje Breivik, Ulvik (NY)
  • Styremedlem: Christine Hætta, Alta, (NY)
  • Styremedlem: Benedicte Rustad, oppnemnt av Norsk Folkemuseums Venneforening
  • Styremedlem: Terje C Gløersen, oppnemnt av Foreningen Norsk Maritimt Museums Venner
  • Styremedlem: Monica Mørch, valt av tilsette
  • Styremedlem: Harald Hilsen, valt av tilsette