Presseinvitasjon: OECD sin analyse av norske barnehagar

Kva fungerer godt og kva kan bli betre i norske barnehagar?

Torsdag 18. juni presenterer OECD sin Country Policy Review av norsk barnehagepolitikk.

Organisasjonen har blant anna sett på tilgang til barnehageplassar, tilsyn, finansieringa av private barnehagar og kvalitet og innhald. OECD legg fram rapporten sin med oppsummering og tilrådingar til endringar i lokala til Kunnskapsdepartementet.

Tid:     18.juni kl. 10.00-11.15
Stad:   Kirkegata 18

Det vil bli høve til kommentarar og intervju med kunnskapsministeren og visedirektør for utdanning i OECD, Ms. Montserrat Gomendio frå 11.15-11.30.   

Dersom du har lyst til å delta, melde deg på til seniorrådgivar Åsmund Eide på asei@kd.dep.no eller 400 36 841.