OCED vurderer norsk miljøinnsats

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Noreg er i leiinga på mange miljøområde, men det er framleis rom for betring. Det viser ein gjennomgang av norsk klima- og miljøpolitikk frå organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD). Noreg må mellom anna bli betre på berekraftig forbrukarmønster og bevaring av naturmangfald.

- Denne rapporten er eit nyttig verktøy i arbeidet med å nå norske klima- og miljømål. Den gir oss god innsikt i korleis Noreg ligg an, sett utanfrå, kva vi gjer bra og kva utfordringar vi står overfor, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Han tok i mot rapporten frå OECD på vegne av regjeringa fredag 22. april. I rapporten omtaler OECD Noreg som eit føregangsland på ei rekke område.

- Rapporten godkjenner viktige norske framsteg innan grøn omstilling mellom anna elektrifisering av transportsektoren og forsterka CO2-avgift. Samstundes påpeiker den at vi har område å forbetre innan sirkulærøkonomi og arealforvalting, og at vi bør få til ei meir heilskapleg og integrert miljøforvalting på tvers av ulike sektorar. Dette er etter mitt syn kloke og riktige innspel, som eg støttar, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Ifølgje OECD har Noreg ei rekke utfordringar innan klimahandling, berekraftig forbruksmønster og bevaring av naturmangfald.

- Forslaga til rapporten til område å forbetre blir nyttige i arbeidet til denne regjeringa. Dei samsvarer godt med måla til regjeringa om å lyfte natur og klima som ei overordna ramme for all politikk, styrke samarbeidet om klima- og miljø på tvers av departement og forvaltingsnivå og intensivere arbeidet med å redde trua norske artar og naturtypar.

Følg lanseringen direkte eller se i opptak:

Nett-tv Seminar: OECDs gjennomgang av norsk miljøpolitikk

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

OECD Environmental Performance Reviews

  • Sidan 1992 har organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) gjort over 90 gjennomgangar av klima- og miljøpolitikken til medlemslanda. Gjennomgangane gir nyttige analyser og anbefalingar om prestasjonar på miljøfeltet for kvart enkelt land.

  • Det er fjerde gongen OECD gjer ein gjennomgang av norsk miljøpolitikk. Tidlegare rapportar kom ut i 2011, 2001 og 1993.

  • Gjennomgangen baserer seg på eit bredt spekter av data, i tillegg til faktabaserte analyser. Landa veljar sjølv eit til to emne for djupanalyse.