Historisk arkiv

OED-statssekretær Tybring-Gjedde møtte framtidas oljearbeidarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Onsdag møtte OEDs statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde elevar ved Laksevåg videregåande skule og Statoil-lærlingar ved prosessanlegga på Kollsnes.

-Vi står i ei krevjande tid for petroleumsindustrien med lågare aktivitetsnivå. Då er det dess viktigare at industrien ser fremover og styrkjer si konkurransekraft. Det vil krevje mange kloke hovud i mange tiår til, seier statssekretæren under møtet med elevane.

Laksevåg vgs er ein av skulene Statoil rekrutterar sine lærlingar i frå.

- At Statoil prioriterar lærlingar, også i ei tid med store utfordringar for hele sektoren, er viktig for å oppretthalde kompetansen i næringa.  Utan ei slik satsing hadde ikkje norsk olje- og gassteknologi vore blant verdas beste. Vårt samfunn kjem til å trengje enda meir kompetanse i fremtida, understreka statssekretæren.

Etter skulebesøket fekk Tybring-Gjedde omvisning ved lærlingar på prosessanlegga Kollsnes, ein av lærlingestadane.

Anlegget vest for Bergen prosesserer gass tilsvarande ca. 40 prosent av den totale norske gasseksporten til Europa. I tillegg er Kollsnes ein viktig del av det norske gasseksportsystemet. Med sine 350 tilsette betyr anlegget også mykje for det lokale næringslivet.

Ingvil Smines Tybring-Gjedde i møte med elevar på Laksevåg vgs