Historisk arkiv

Omdeling av laurdagsaviser - kontrakt til Easy2You (tidlegare Kvikkas)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Mediebruken endrar seg raskt. Stadig fleire får sitt behov for nyheiter dekt ved å bruke digitale plattformer. Likevel er laurdagsavisa framleis viktig for mange menneske. Vi sørgjer for at folk i heile Noreg, også dei som bur i dei mest spreiddbygde områda i landet, kan få avisa si på laurdagar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet inviterte i februar til anbodskonkurranse om ny kontrakt om laurdagsomdeling av aviser i område utan avisbodnett. Det kom inn to tilbod. Berre eit tilbod oppfylte alle kvalifikasjonskrava, og dette kom frå Kvikkas AS, som etter namnebyte i juni heiter Easy2You AS.

Easy2You har som einaste kvalifiserte tilbydar i konkurransen gjort greie for selskapet sin plan for gjennomføring av forpliktinga til å levere tenester i samsvar med kravspesifikasjon og avtaleutkast på ein truverdig og tillitsvekkande måte.

- Easy2You har vist gjennom 2017 og så langt i 2018 at selskapet kan levere i tråd med forventningane til departementet og avisbransjen. Avisbransjen meiner laurdagsavisa er spesielt viktig. Selskapet oppfyller dei krava staten, i samforståing med representantar for avisbransjen, har sett til leveringskvalitet. Vi føler oss trygge på at selskapet skal halde fram den gode kvaliteten vidare, seier Solvik-Olsen.

Kontrakten skal gjelde for ein periode på 14 månader frå 10. november 2018, og departementet skal ha opsjon på forlenging på ytterlegare 12 månader.

Departementet tek sikte på at kontrakten vert signert i midten av juli.

Bakgrunn

Da Posten slutta å omdele post på laurdagar i 2016, sikra staten at distribusjon av laurdagsaviser i abonnement i område utan eigne avisbodnett skulle halde fram. Sommaren 2016 inngjekk departementet og Kvikkas AS ein kontrakt om distribusjon av laurdagsaviser fram til november 2018. Dette har sikra at folk i distriktsområde utan eigne avisbodnett har fått papiravisa på laurdagar. Med den nye kontrakten er dette sikra ut 2019.