EU-kommisjonen la 29. november frem ei ny passasjermobilitetspakke, som gjeld for alle transportformer – luftfart, bane, veg og sjø. Pakka inneheld tre hovudkomponentar:

– Styrking av passasjerrettar
– Revisjon av pakkereisedirektivet
– Etablering av eit felleseuropeisk mobilitetsdataområde («European mobility data space» –  EMDS) og endring av forordninga om multimodale reiseinformasjonstenester (MMTIS)

Målet er blant anna å etablere rettigheter for passasjerar som kjøper multimodale reiser, styrkje håndhevinga av passasjerrettar, og styrkje rettane til personar med nedsett funksjonsevne.

Tre regelverksforslag
Revisjonen av pakkereisedirektivet høyrer inn under ansvarsområdet til Barne- og familiedepartementet, men Samferdselsdepartementet ønsker innspel til dei andre regelverksforslaga i pakka:

Ønsker synspunkt
Samferdselsdepartementet tar gjerne i mot synspunkt frå norske interessentar på dei nye forslaga frå EU-kommisjonen.

Innspel kan sendast til postmottak@sd.dep.no innan 1. februar 2024.

Vidare framdrift
Forslaga frå EU-kommisjonen vil bli behandla i Europaparlamentet og i Rådet før EU gjer vedtak i saka. Samstundes vil forslaga bli vurdert for innlemming i EØS-avtalen.

For fleire opplysningar om EUs passasjermobilitetspakke – sjå: