Opna Europas største landstraumanlegg i Kristiansand

Anlegget er det første i Noreg, og er medfinansiert av EU gjennom innovasjonsprogrammet Horizon 2020.

Statssekretær Atle Hamar i klima- og miljødepartementet fekk æra av å kappe snora (med sabel!), saman med fylkesordfører Terje Damman og havnestyreleiar i Kristiansand, Pål Harv.

- Dette er eit stort prosjekt som har fått betydeleg stønad gjennom EUs Horisont 2020 program. Det er bra at norske aktørar nyttar seg og nyt godt av EUs støtteprogram for teknologi, seier statssekretær i klima- og miljødepartementet Atle Hamar.

Kristiansand hamn har samarbeidd med det danske selskapet PowerCon og straumselskapet Agder Energi om prosjektet med å få anlegget på plass. Anlegget kosta rundt 47 millionar kroner, og er medfinansiert av EU gjennom innovasjonsprogrammet Horizon 2020.

- Grøn skipsfart er ein av dei viktigaste satsingane til regjeringa i arbeidet for utsleppskutt og grøn konkurransekraft. Dagen i dag og hamna her i Kristiansand er eit døme på at vi no er inne i ein stor snuoperasjon, seier Atle Hamar

Landstraumanlegget skal sørgja for at sjølv dei største cruiseskipa skal kunna slå av motoren når dei er i hamn og bruka elektrisk kraft i hamn. Systemet er integrert i 8 ulike 20 fots konteinarar installert på kaiområdet.

Landstraum
Etter planen skal landstraumanlegget sørgja for at sjølv dei største cruiseskipa skal kunna slå av motoren når dei er i hamn og bruka elektrisk kraft i staden. Systemet er integrert i 8 ulike 20 fots konteinarar.

 

Til toppen