Historisk arkiv

Klima- og miljødepartementet opphevar vedtak om utslepp av støy frå Vardafjellet Vindkraftverk AS

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet har i dag teke oppmoding om omgjering av vedtak om utslepp av støy frå Vardafjellet Vindkraftverk til følgje.

Sandnes kommunes vedtak og klagevedtak fatta av Statsforvaltaren i Rogaland er ugyldig som følgje av feil ved saksbehandlinga og skjønnsmanglar. Departementet opphevar difor begge vedtaka i sin heilskap.

Sandnes kommune fatta den 14. august 2020 vedtak om å gi Vardafjellet Vindkraftverk AS løyve for utslepp av støy etter forureiningslova. Løyve vart gitt på fleire vilkår, blant anna at grenseverdi for støy frå vindkraftverket ved bustader ikkje skulle overstige Lden 42 dBa. Vardafjellet Vindkraftverk AS har tidlegare fått konsesjon etter energilova der støy også er regulert og grenseverdi for støy ved bustader er satt til Lden 45 dBa.

Sandes kommunes vedtak vart påklaga av Vardafjell Vindkraftverk AS og sende til Statsforvaltaren i Rogaland for avgjerd i saka. Statsforvaltaren i Rogaland tok ikkje klagen til følgje, men oppheva eitt av vilkåra i løyvet som overflødig. Vilkåret om grenseverdi for støy frå vindturbinane ved bustader på Lden 42 dBa vart ståande.

Klima- og miljødepartementet har komme til at Sandnes kommunes vedtak og Statsforvaltaren i Rogalands klagevedtak er ugyldig som følgje av feil ved saksbehandlinga og skjønnsmanglar. Det synast ikkje vere greidd ut eller vurdert kva konsekvensar støygrensa på Lden 42 dBa vil ha for vindkraftverket, og det er ikkje føretatt ei avveging av fordelar og ulemper ved ei skjerpa støygrense. Klima- og miljødepartementet har på denne bakgrunn teke oppmodinga om omgjering til følgje og opphevar Sandnes kommunes og Statsforvaltarens i Rogalands vedtak i sin heilskap.