Oppnemning av medlemmer til Energiklagenemnda

Eit nytt medlem til Energiklagenemnda, lagdommar Tormod Anders Sletten, vart i dag oppnemnd i statsråd. Samtidig vart tre medlemmer gjenoppnemnde til nemnda. Alle dei fire medlemmene er oppnemnde for ein periode på fire år.

Konsulent Helle Hertwich Grønli, leiar Morten Sundt og advokat Edna Grepperud vart gjenoppnemnde til nemnda. Leiaren av nemnda, advokat Per Conradi Andersen, vart oppnemnd for ein periode på seks år i 2019.

Energiklagenemnda vart oppretta i 2019. Nemnda fungerer som ei uavhengig klagenemnd og behandlar klagar på enkeltvedtak fatta av Reguleringsmyndigheita for energi (RME). Medlemmene i Energiklagenemnda vert oppnemnde av Kongen i statsråd.

Nærare reglar om organisering og saksbehandling i Energiklagenemnda er fastsett i forskrift 24. oktober 2019 nr. 1420 som tredde i kraft 1. november 2019.

Klagenemndssekretariatet (KNSE) i Bergen fungerer som sekretariat for nemnda.

Energiklagenemnda har desse medlemmene:

  • Advokat Per Conradi Andersen, Viken (leiar)
  • Konsulent Helle Hertwich Grønli, Trøndelag
  • Leiar Morten Sundt, Vestland
  • Advokat Edna Grepperud, Oslo
  • Lagdommar Tormod Anders Sletten, Trøndelag