Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2013

709 millionar kroner meir til Oslo neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebelse tal syner at Oslo kommune får ein vekst i frie inntekter på 709 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Førebelse tal syner at Oslo kommune får ein vekst i frie inntekter på 709 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til  kommunesektoren i 2013.

- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.

- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.

Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for Oslo kommune. Endeleg tal vil ikkje vere klart før i statsbudsjettet for 2013.

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

0301 Oslo

709,1

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.