Historisk arkiv

Over 3.500 tilsyn etter dyrevelferdslova i 1. tertial

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Mattilsynet har utarbeidd rapport for tilsyn med dyrevelferd for 1. tertial 2016. Frå januar til mai 2016 var Mattilsynet sine inspektørar ute på tilsyn i 3725 dyrehald. Om lag 95 prosent av desse gjaldt tilsyn med regelverket for dyrevelferd. Dette er ein liten auke samanlikna med året før. Tilsynsrapporten viser at fleirtalet følgjer regelverket for dyrevelferd.