Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2012

Pengar til betre levekår i Bergen og Trondheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Regjeringa vil vere med og betre miljøet og dei lokale tilhøva i bustadområde som har særlege utfordringar i Bergen og Trondheim. Totalt foreslår regjeringa at dei to byane får 7,5 millionar kroner til områdesatsing i 2012, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil vere med og betre miljøet og dei lokale tilhøva i bustadområde som har særlege utfordringar i Bergen og Trondheim. Totalt foreslår regjeringa at dei to byane får 7,5 millionar kroner til områdesatsing i 2012, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I statsbudsjettet for 2012 føreslår regjeringa at områdesatsinga i Bergen får 6 millionar kroner. Det er dobbelt så mykje som i 2011.  Trondheim får 1,5 millionar kroner til å starte arbeid i område med dårlege levekår.

I Soria Moria II seier regjeringa at utsette område i Noreg skal følgjast opp. Styrka satsing i Bergen, og ny satsing i Trondheim er ein del av denne oppfølginga.
Tilskotet skal hjelpe til å betre bumiljøet og løyse lokale utfordringar i bustadområde. Det skal mellom anna medverke til trivsel og tryggleik i nærområda og lokalmiljøa.

- Erfaring frå arbeidet med områdeløft i Groruddalen syner at det er viktig med ei heilskapleg og langsiktig innsats, der kommune og stat samarbeider. Dette skapar også eit lokalt engasjement. Eg er særs nøgd med at vi også kommer i gang i Trondheim, seier Navarsete.

I perioden 2007-2010 var områdesatsinga i sin heilskap knytt opp til ei felles statleg-kommunal satsing i Groruddalen. I 2012 blir det føreslått ei løyving på 40 millionar kronar til tiltak i Groruddalen, slik at det gode arbeidet der kan fortsette. Den totale satsinga på områdetiltak blir samla på 47,5 millionar kroner i 2012.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.