Historisk arkiv

Positive erfaringar med aktivitetsplikt knytt til gratis kjernetid i barnehage

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Å målrette forsøk med gratis kjernetid mot barn i familiar med låg inntekt har gjort at kommunane har nådd fram til fleire familiar som ikkje har barna i barnehage, viser ein ny rapport. Rapporten viser også positive erfaringar med aktivitetsplikt knytt til gratis kjernetid i barnehage.

I dag publiserer Fafo ei erfaringsoppsummering frå målretta forsøk med gratis kjernetid i barnehage i Bydel Gamle Oslo, Bergen og Drammen. I desse områda har forsøka sidan hausten 2014 retta seg mot barn i familiar med låg inntekt. Samstundes er det stilt krav om at foreldra deltek i aktivitet. Rapporten er laga på oppdrag frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Her kan du lese rapporten.

Aktivitetsplikt for foreldre - ein gyllen sjanse

Kravet om aktivitet for foreldre vil seie at dersom barna skal ha rett på gratis barnehageplass, må foreldra til dømes delta i norskopplæring, utdanning eller arbeidsliv. Innhaldet i aktiviteten skal vere tilpassa ressursane og behova til kvar enkelt.

- Ved å innføre krav om at foreldra må delta i aktivitet, la regjeringa til rette for at foreldre i større grad kan delta i arbeids- og samfunnsliv. Å stille krav betyr at vi tek dei på alvor. Foreldre som Fafo har intervjua opplever ikkje kravet som ei sur plikt, men som ein gyllen sjanse, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

Når fleire familiar

Erfaringsoppsummeringa viser at målrettinga av forsøket har gjort at ein har nådd fram til fleire familiar som ikkje har barna i barnehage. Dette skuldast at kommunane innanfor dei same økonomiske rammene har kunne utvide forsøket til å omfatte fleire aldersgrupper og større geografiske område. Men fyrst og fremst har systematisk rekrutteringsarbeid gitt resultat. I Gamle Oslo og Drammen er det laga lister over barn som ikkje går i barnehage, det er gjennomført heimebesøk for å informere om barnehagetilbodet og foreldre som har hatt behov for det har fått hjelp til å søke barnehageplass.

Nasjonal ordning med gratis kjernetid

1. august i år innførte regjeringa ei nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehage i alle kommunar. Ordninga gir fri halvdagsplass - gratis kjernetid - i barnehage til alle 4- og 5-åringar i familiar med låg inntekt.

- Regjeringa ynskjer å legge til rette for at barn skal snakke norsk så godt som mogleg før dei tek til på skulen. Denne ordninga legg til rette for det. Då er barna betre rusta til skulestart, både fagleg og sosialt. For å gi barn best mogleg føresetnadar for å lukkast, må vi også syte for at foreldra får naudsynt kvalifisering. Det styrker dei som foreldre og gir dei nye moglegheiter i arbeids- og samfunnslivet. Saman med erfaringar frå tidlegare forsøk, har vi no eit godt kunnskapsgrunnlag å ta med oss i det vidare arbeidet, seier statsråd Horne.